Vi skal vege ein stor gjenstand og disponerer berre ei grov og usikker vekt. Standardavviket ved ei måling set vi til 600 gram, og vi reknar med normalfordeling. For å redusere feilmarginen veg vi fleire gonger.
a) Vi gjer ei stikkprøve med 12 vegingar. Gjennomsnittet ved denne stikkprøva er 5840 gram. Finn eit 98%-konfidensintervall for vekta av gjenstanden ut i frå dette.
b) Kor mange målingar må vi minst gjere dersom breidda av eit 98%-konfidensintervall skal vere mindre enn 100 gram?
