Har følgt med på matematikk.net eit års tid og gjort meg opp nokre tankar om korleis aktiviteten på dette forumet påverkar den allmenne interessa for faget. Her får vi presentert interessante og utfordrande oppgaver , og ofte må eg bøye meg i audmjuk undring overfor dei løysingane enkelte bidragsytarar leverer. Men i mange høve er det snakk om problem som ikkje høyrer heime i skulematematikken og som folk flest ikkje har noko forhold til. Slike utfordringar sementerer inntrykket av at matematikk er eit fag for spesielt interesserte , og ikkje ein disiplin som folk flest kan tileigne seg ved målbevisst arbeid. For å endre desse haldningane , vil eg foreslå at skulematematikken på vgs-nivå får større merksemd i tida som kjem. Min «kongstanke» er å utvikle forumet til ein møtestad for ulike elevkategoriar: Dei som slit med faget kan søkje hjelp her og likeins kan matematikkflinke elevar få ekstra utfordringar. Dersom denne tenkinga tilleggjast større vekt, trur eg at langt fleire brukarar vil melde seg og nettstaden vil etterkvart bli ei kjelde til kunnskap som utfyller/supplerer den ordinære undervisninga i klasserommet.
Eg tek ikkje mål av meg å stake ut ein ny «redaksjonell» kurs i dette forumet , men tør likevel
presentere ei oppgave som matematikkflinke 1T-elevar kan bryne seg på. God fornøyelse !
Firkanten ABCD er eit rektangel der grunnlinja AB < høgda BC. Slå ein sirkelboge med radius r = AD kring hjørnet D. Denne skjer diagonalen BD i punktet S. Normalen frå S på AB skjer AB i punktet F.
Vis at SF = SD .