Hei! Har fått eit par biolektorar til å sjå på min eksamen, og stakkarane hadde jo sjølvsagt ikkje oppgåva så dei brukte det som vart lagt ut her som fasit. Eg hadde ikkje svart heilt likt, så eg sendte ein epost til dei og forklarte kvifor eg svarte andre alternativ der eg gjorde det. No har eg sendt dei oppgåva og forklaringa, men dei har enda ikkje sett på den så eg har ingen garanti for at det eg seier i den er rett. Men for dei som er interesserte kan dei sjå over og sjå om det eg skriv kan gi meining, eller kanskje fortelle meg kvifor det ikkje gjer det.
Forhandsvarsel: Eg skreiv eposten i veldig trøtt tilstand etter ei hard helg med lite søvn i går, så er langt i frå velstrukturert eller kortfatta. Tungt språk er det og (sjølv om du ser vekk i frå nynorsken, som eg antar gjer språket enda tyngre for det grandiose fleirtal her inne).
Har ikkje kommentert oppgaver der eg og den opprinnelege posten var einige, men berre dei der vi var ueinige eller han var i tvil og vi ikkje hadde samme svar. Om noken skulle ønske mi meining på noken av dei andre eller utdjuping av dei her er det berre å spør.
Eg har heller ikkje nytta meg av bøke eller internett når eg kommenterte svara, så det eg har kommentert er basert på det eg hugsa og tenkte under heildag. Kunne sikkert funne ut om eg har feil eller rett med eit søk eller to, men eg er for lat for slikt.
Nu vel, forord over.
Epost:
Okei, så sitte og ser på fleirvalgsoppgavene og "fasiten" som dei kjem med på forumet. Kan kommentere dei oppgavene der eg skille meg frå deira meining. Berre litt kjappe tankar så blir sikkert litt langt og ustrukturerte svar frå mi side
Basera meg på denne posten:
http://matematikk.net/matteprat/viewtop ... 15#p203488
3: Dei svart A, eg D. Eg skjønnar ikkje heilt korleis A skal vere rett svar, for det burde bety at B er rett og. Enzym vert ikkje forbrukt i reaksjonar. Om dei meinar at konsentrasjonen av det enzymet går ned fordi den totale mengda løysing går opp når ein tilsett C (i so fall er det veldig sært formulert) ville jo det og betydd at svaralternativ B og er rett ettersom at det enzymet og ville utgjort ein mindre bestanddel av løysinga. Men eg tvilar sterk på at det er det dei meinar. Uansett så vil jo ikkje negativ tilbakekopling påvirke mengda med enzym i løysinga, den vil berre hindre enzymet frå å katalysere reaksjonen. Ettersom at enzym 1 ikkje lagar molekyl b lenger og enzym 2 fortsett å lage molekyl b om til molekyl c så vil konsentrasjonen av B minke og rett svar vere D slik eg ser det.
12. Hadde ingen anelse på 12 for å vere ærlig. Tippa basert på det eg syntest ga meining utifrå bildet. Tenkte det måtte vere kromosompar fordi dei var parvise, og sidan di betyr to så tenkte eg at det måtte vere ei diploid celle. Så har eg feil? Ingen anelse.
13. Svarte A, dei svarte D. Eg meina å hugse at splittinga av kopierte/replikerte DNA molekyl foregjekk under anafasen i mitose, trur ana betyr trekk eller noke sant på latin meina i alle fall å huske det så då skulle det bety at svaralternativ D er feil, det er i delingsfasen. Utover det er vi einige om at dei to andre prosessane er del av interfasen.
17. Enda et spørsmål eg ikkje hadde peiling. Jobba nesten ikkje med det kapittelet pga. presentasjon og anna uvesentlig tøv i oppløpsfasen til heildag (subtil kritikk

) Eg svarte då A etter masse om og men, ser dei svarte D. Eg tenkte som så at med terapeutisk kloning så tok ein stamceller og var ute etter å skape spesifikke celletypar utifrå det, for eksempel muskelceller. Altså blir cella spesialisert. Ved reproduktiv kloning sett ein vel berre inn eit embryo eller noke slikt, også spesialiserar cellene seg som ved vanlig celledeling. Sann tenkte eg, men har ingen grunnlag til å sei om det stemmer eller ei. D var andrevalget, men eg følte meg overbevist angåande spesialiseringa. Har eg feil? Ingen anelse.
18. Dei svara B og eg D. Dei har rett.
19. Her svara fasit B, men var usikker mellom A og B. Eg tok A. Forskjellen er altså at eg trudde PCR skjedde før DNA sekvensering og han trudde det motsatte. Har egentlig ingen peiling, men ville da trudd ein oppmeira det ein skulle sekvensere? Sekvensering er så vidt eg hugsa når ein ser på kva rekkefølge nukleotida kjem i, og det er jo lettare om ein har meir å sjå på. Sekvenseringa er jo sjølve analysa så vil tru den kjem til slutt.
22: Dei tok B og eg A. Ettersom at det er to ledd mellom andrekonsumentane og produsentane, altså første og andrekonsumentane er dei to ledda, vil eg tru at den samla biomassa går ned frå 10000 til 100. B ville vore for primærkonsumentane, utifrå det eg hugsa.
23. Skal vi sjå. Han syntest vist at det var ei merkeleg oppgave, og trur at C eller D er riktig. Eg trudde B. B svaret inkludera då dei to pyramidene A og D. D pyramida er den klassiske. Også fiska eg fram frå haudet at eg meinte å huske noke om at planteplankton kan reprodusere så rask at det av og til gjer at det lågaste trinnet av pyramida er veldig lita. Som er A. Derfor tok eg den, men om eg huska feil angåande den delen så svarte eg nok feil.
25: Dei har svart C og eg D fordi eg ikkje leste oppgava godt nok.
26. Dei svarte C og eg D. Meinte å hugse at sterilitet var en prezygotisk barriere, men når eg tenke meg om så blir jo steriliteten skapt først når gametane blanda seg, så her tar eg i alle fall feil. Kva svar som er rett veit eg ikkje.
28: Tok B og dei tok A. Korleis naturlig seleksjon føre til auka genetisk variasjon ser eg egentlig ikkje heilt, eg tenkte at naturlig seleksjon i teorien hadde einsretta den genetiske variasjonen. Dvs. at om naturlig seleksjon var den einaste faktoren i evolusjonen av ein art så ville den ført til at vi berre fekk den arten som var best tilpassa, men då vil jo variasjonen gå ned då eller? Variasjon er jo når du har både bra og dårlig? Men kanskje dei har rett. Uansett svarte eg at genetisk variasjon var ein føresetnad for evolusjon gjennom naturlig seleksjon, og det vil eg no sei høyrest rett ut. Om du ikkje har genetiske forskjellar har heller ikkje naturen noke den kan "plukke" artane utifrå.
------------
Resten var vi einige på.
