"jeg hadde det som plommen i egget" regner jeg med du mener??
Med det mener man som regel at man har det helt perfekt - så bra som det kan bli. Eller mener du egentlig noe annet?
"Jeg hadde plomme i egget" betyr bokstaveleg talt at det var ei plomme i egget. Truleg siktar ein då til ei eggeplomme og ikkje ei vanleg plomme, og alternativet til ei eggeplomme ville normalt vore ein kylling, noko som ikkje passar heilt inn dersom ein vil ha kokt egg til frukost. Å ha ei plomme i egget er altså ikkje noko å bekymra seg for, heller normalen.
Det er i alle fall ikkje noko direkte gale ved normalitet. Viss eg insinuerte at normalitet generelt sett er greit eller uproblematisk, så er det på den andre sida feil, sjølv om det er greit nok (i det minste for meg) i dette tilfellet. Eg kan likevel ikkje sjå ein slik insinuasjon (sjølv om eg ser kor du har det frå), men oppmodar deg om å halda deg til konteksten - eit kvart utsegn er formulert i ein viss samanheng! Forresten var ikkje innlegget mitt meir alvorleg meint enn eit utsegn som ∫(dust)dt =dust^2, som forresten er feil:
∫(dust)dt =0,5*dus*t^2 = 0,5t*dust.
Noko filosofering omkring normalitet og abnormalitet er nok ikkje denne tråden meint for, så det skal eg la liggja.