
Ser på gamle eksempeloppgåver i R1. Kom over ei sannsynsoppgåve eg ikkje hadde fasit til.
Oppgåva er som fylgjer:
OPPGÅVE 3
I idrettslaget er det 736 medlemmer, 348 gutar og 388 jenter. Av desse er det 63 gutar og 47 jenter som spelar volleyball.
Ein person blir trekt ut tilfeldig. La A og B vere dei to hendingane
A: Personen er ein gut B: Personen spelar volleyball
b) Forklar med ord kva vi meiner med P(A∩B). Finn dette sannsynet.
c) Finn sannsynaP(B) og P(B|A). Er dei to hendingane A og B uavhengige?
Ei avis ønskjer å intervjue to personar i idrettslaget, éin som spelar og éin som ikkje spelar volleyball. Dei trekkjer tilfeldig ut éin volleyballspelar og éin som ikkje spelar volleyball.
d) Kva er sannsynet for at dei to personane er jenter?
Eg lurte eigentleg mest på c og d her? Kva får dykk til svar her ?
Takkar for svar
