1-10 fagfornyelse 2020
Fra Matematikk.net
MAT01-05
Kompetansemål etter 10. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utforske og generalisere multiplikasjon av polynom algebraisk og geometrisk
- utforske og samanlikne eigenskapar ved ulike funksjonar ved å bruke digitale verktøy
- lage, løyse og forklare likningssett knytte til praktiske situasjonar
- rekne ut stigingstalet til ein lineær funksjon og bruke det til å forklare omgrepa endring per eining og gjennomsnittsfart
- utforske samanhengen mellom konstant prosentvis endring, vekstfaktor og eksponentialfunksjonar
- hente ut og tolke relevant informasjon frå tekstar om kjøp og sal og ulike typar lån og bruke det til å formulere og løyse problem
- planleggje, utføre og presentere eit utforskande arbeid knytt til personleg økonomi
- tolke og kritisk vurdere statistiske framstillingar frå media og lokalsamfunnet
- bruke funksjonar i modellering og argumentere for framgangsmåtar og resultat
- modellere situasjonar knytte til reelle datasett, presentere resultata og argumentere for at modellane er gyldige
- utforske matematiske eigenskapar og samanhengar ved å bruke programmering
Kompetansemål etter 9. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- beskrive, forklare og presentere strukturar og utviklingar i geometriske mønster og i talmønster
- utforske eigenskapane ved ulike polygon og forklare omgrepa formlikskap og kongruens
- utforske, beskrive og argumentere for samanhengar mellom sidelengdene i trekantar
- utforske og argumentere for korleis det å endre føresetnader i geometriske problemstillingar påverkar løysingar
- utforske og argumentere for formlar for areal og volum av tredimensjonale figurar
- tolke og kritisk vurdere statistiske framstillingar frå media og lokalsamfunnet
- finne og diskutere sentralmål og spreiingsmål i reelle datasett
- utforske og argumentere for korleis framstillingar av tal og data kan brukast for å fremje ulike synspunkt
- berekne og vurdere sannsyn i statistikk og spel
- simulere utfall i tilfeldige forsøk og berekne sannsynet for at noko skal inntreffe ved å bruke programmering
Kompetansemål etter 8. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
bruke
potensar og kvadratrøter i utforsking og problemløysing og argumentere for framgangsmåtar og resultat
utvikle
og kommunisere strategiar for hovudrekning i utrekningar
utforske
og
beskrive
primtalsfaktorisering og
bruke
det i brøkrekning
utforske
algebraiske reknereglar
beskrive
og generalisere mønster med eigne ord og algebraisk
lage og løyse problem som omhandlar samansette måleeiningar
lage og forklare rekneuttrykk med tal, variablar og konstantar knytte til praktiske situasjonar
lage, løyse og forklare likningar knytte til praktiske situasjonar
utforske
, forklare og samanlikne
funksjonar knytte til praktiske situasjonar
representere funksjonar på ulike måtar og vise samanhengar mellom representasjonane
utforske
korleis algoritmar kan skapast, testast og forbetrast ved hjelp av programmering