Page 1 of 1

Sannsyn

Posted: 02/05-2007 23:26
by pevik
På ein pakke med salatfrø er det gitt opp ei spireevne på 65 %. La den stokastiske variabelen X vere talet på frø som spirer.

a) Forklar at vi kan sjå på X som ein binomisk fordelt variabel. Finn sannsynet for at akkurat 15 frø spirer dersom ein sår 20 frø, og spireevna verkeleg er 65 %.
På eit jordstykke vart det sådd 600 frø.

b) Kva er sannsynet for at minst 400 frø spirer?
Etter at frøa var sådde, viste det seg at pakken med frø var nokre år gammal. For å kontrollere spireevna vart 40 tilfeldige, sådde frø kontrollerte. Det viste seg at 20 av frøa hadde spirt.

c) Finn eit estimat for spireevna til dei frøa som vart sådde, og bestem standardfeilen til dette estimatet.

d) Bestem eit 95 % konfidensintervall for spireevna til dei sådde frøa. Kommenter svaret.

:roll: