Konstruer ein trekant ABC der [tex]\angle[/tex]A = 60[tex]^{0}[/tex] , AB = 8 cm og differansen mellom BC og AC = 2 cm.
Oppgava er henta frå ei oppgavesamling v/ Knut Michelsen ( Oslo 1962 ).
Eg stussa lenge på formuleringa " - differansen mellom BC og AC = 2 cm ". Denne uttrykksmåten indikerer at BC [tex]>[/tex] AC. I så fall blir det vanskeleg å konstruere trekanten utan først å finne AC ved rekning. I motsett fall ( AC [tex]>[/tex] BC ) bør oppgava vere ei overkomeleg utfordring for ein 1T-elev. God fornøyelse !
Konstruksjonsoppgave på 1T - nivå
Moderatorer: Vektormannen, espen180, Aleks855, Solar Plexsus, Gustav, Nebuchadnezzar, Janhaa
-
- Weierstrass
- Innlegg: 495
- Registrert: 26/02-2021 21:28
Glimrande ide v/ Aleks855. For å få med begge løysingane , må vi ha hjelp av cosinussetninga som også er ein del av 1T-pensum.