Sprøsmål angående elektronpar binding

Det er god trening å prate matematikk. Her er det fritt fram for alle. Obs: Ikke spør om hjelp til oppgaver i dette underforumet.

Sprøsmål angående elektronpar binding

Innlegg Dhammi » 03/08-2005 20:47

Hei!

Jeg er litt usikker på elektronpar binding. Er det noen som kan forklare denne type binding til meg? Hvis det er mulighet kan du også vise et eksempel med en tegning. Forklar det i sånn passe språk, fordi jeg går bare i sjette klasse. Skal begynne i syvende :) :)

Takk skal du ha! :D
Dhammi offline

Innlegg Gjest » 04/08-2005 09:20

Ei elektronparbinding er ei binding mellom to atom som er slik at atoma deler eit eller fleire elektronpar mellom seg. Ei slik binding er vanleg mellom atom frå ikkje-metalliske grunnstoff (til høgre i det periodiske systemet).

Eit døme kan vera bindinga mellom to nitrogenatom (N) i nitrogengass (N[sub]2[/sub]). Som du forhåpentlegvis veit, så har eit nøytralt nitrogenatom 5 valenselektron (elektron i det ytterste skalet), og du kjenner nok også til oktettregelen (åttetalsregelen): Tilstanden der eit atom har 8 valenselektron er ein spesielt tilstand. Det som skjer for nitrogengass er at to nitrogenatom går saman og deler 6 elektron mellom seg; 3 frå kvart atom. Då får me 3 elektronpar, og me kan skriva

:N:::N:

Kvar prikk viser til eit elektron. Prikkane til venstre og til høgre viser til ledige elektronpar, som berre er knytt til eitt nitrongenatom, medan prikkane i midten er delt mellom dei to nitrogenatoma. Me ser at i dette tilfellet har begge nitrogenatoma åtte valenselektron (figuren antyder at nokre av dei delte elektrona er sterkt forskyvde mot det eine nitrogenatomet - det er ikkje tilfelle, men skuldast at figuren er i planet, medan atomet er i rommet).
Gjest offline

Innlegg Gjest » 04/08-2005 10:21

Takk skal du ha! Fårstår det nå.
Gjest offline

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 5 gjester