Kan man trene seg til å bli god i matte?

Det er god trening å prate matematikk. Her er det fritt fram for alle. Obs: Ikke spør om hjelp til oppgaver i dette underforumet.

Moderatorer: Vektormannen, espen180, Aleks855, Solar Plexsus, Gustav, Nebuchadnezzar, Janhaa

Svar
mitt navn

Jeg har et spørsmål til alle dere flinke matte-elever som scorer høyt i Abelkonkurransen osv. Hvor mye jobber dere egentlig med matte? Er det bare slik at dere følger den vanlige matteundervisningen eller jobber dere med matte flere timer om dagen og leser langt utover pensum? Kanskje noe mitt i mellom. I fjor stilte jeg opp i Abelkonkurransen. Jeg er ganske god i matte og i tillegg hadde jeg sett på en god del gamle oppgaver. Allikevel fikk jeg usle 55 poeng i første runde. Så mitt spørsmål er:
Når det gjelder matte, hvor mye er intelligens og hvor mye er trening?
Gjest

20% talent og 80% arbeid gjelder nok for de fleste normale.
Gjest

80% talent (inkludert det diffuse omgrepet modning) og 20% arbeid gjeld nok for ein god del som gjer det bra i Abelkonkurransen.

Det er vel best å avvisa det ovanfor med ein gong; det går ikkje an å seia at så og så mykje er talent og resten innsats. Forholdet er langt meir samansett: For det første så må du ha talent (dette er direkte essensielt - det hjelp ikkje med innsats utan at du har evne for det - viss innsatsen ikkje triggar forståing, så er den bortkasta), og deretter kjem innsatsen, både frå andre (stimuli) og frå deg sjølv. For å gjera det bra utover eit visst nivå (kor høgt nivået er avheng av talentet) er innsatsen din essensiell, men opp til dette nivået er nok innsatsen ikkje fullt så viktig. For mange som gjer det bra i abelkonkurransen (og då meinar eg verkeleg bra) så er nok framleis talentet viktigare enn innsatsen.

Elles må ein ta med i reknestykket at dersom ein har talent, så er det langt meir motiverande med innsatsen - ein merkar at ein får det til. Dessutan har ein jo det flokselfine omgrepet "talent for innsats" (høyrast ut som ein eller annan rapport frå forsknings- og undervisnings- departementet) å ta omsyn til.

Ein annan detalj: Det er ingen som av talent kan gripa store delar av matematikken utan å studera matematikk; ein kan ha ein sterk intuitiv forståing for matematikk, men stringensen og komplekse fagområde kan berre lærast via innsats (det er neppe nokon som har klart å få ei klar forståing av til dømes galoisteori utan noko form for matematikkretta ytre stimuli i form av lærebøker, lærarar etc., barneskulerekning inkludert).

For min eigen del (eg høyrer til dei som har gjort det bra i abelkonkurransen) kan eg seia at eg ikkje fylgde med på den vanlege matteundervisninga (det har eg vel eigentleg aldri gjort), men stort sett løyste tidlegare konkurranseoppgåver og tok oppgåvene som dei kom. Nokre timar dagleg kunne det sjølvsagt verta i periodar, men talentet ligg jo litt i at ein ikkje merkar denne innsatsen. At eg ikkje følgde med på undervisninga gjer jo også at eg stiller spørsmålsteikn ved frasen "lese langt utover pensum". Pensum? Kva slags avgrensing er det? Og langt utover pensum? Abelkonkurransetemaet er ikkje langt utover noko slags pensum, det er heller til side for pensum. Frå ei meir optimistisk side må nemnast at eg gjorde det betre i konkurransen for kvart år som gjekk, noko du kanskje vil tilskriva innsats (modning og erfaring er mine ord), så berre stå på vidare - det kan fort løsna.
Svar