Kjemi 2: Næringstoffer

Her kan du stille spørsmål vedrørende matematikken som anvendes i fysikk, kjemi, økonomi osv. Alle som har kunnskapen er velkommen med et svar.

Moderatorer: Vektormannen, espen180, Aleks855, Solar Plexsus, Gustav, Nebuchadnezzar, Janhaa

Svar
ingebinge
Pytagoras
Pytagoras
Innlegg: 9
Registrert: 20/04-2020 10:09

Hei. Jeg har jobbet med denne oppgaven for morro en stund nå men har ingen fasit. Noen der ute som vil prøve seg slik at jeg kan sammenligne svar?

6. Brusmaskiner blei oppfunne av farmasøytar i USA rundt 1840, fordi dei ønskte å gjere det lettare for pasientane å få i seg medisin. Medisinen smakte gjerne vondt, så han blei blanda ut med søte safter og kolsyrehaldig vatn.

Røyra i desse tidlege brusmaskinene var laga av blymetall. Blyion verkar som inhibitor for nokre viktige enzym.

a) Dagens Coca-Cola har pH omtrent 2,5 og

er ei bufferløysning.

Bruk tabellen, og forklar kva som er sur€ og kva som er basisk(e) komponent(ar) i bufferen.

Na+ H2CO3 HCO3- CO32- CO2 H3PO4
H2PO4- HPO42- PO43- C6H12O6 H2O

b) Rekn ut forholdet mellom sur og basisk komponent i Coca-Cola når pH er 2,5.



c) Vatnet som tidlegare vart nytta til å lage Coca-Cola kunne innehalde store mengder jernion, Fe2+ og Fe3+. pH i ferdig Coca-Cola var rundt 2,5.

Vurder Coca-Cola, som er laga i ein slik tidleg brusmaskin som beskrivne i innleiingsteksten til oppgåva, med omsyn på helse, miljø og sikkerheit (HMS).

d) Rike menneske kunne få pillene sinedekte med gull eller sølv i staden for det vanlege kvite overtrekket. Pillene såg da ut som små, runde gull- eller sølvkuler.

I dag er mange piller dekka med magnesiumkarbonat, og nokre typar medisin blir gitt i form av kapslar av gelatin, ei form for protein.

Medisin som blir tilført kroppen via munnen, blir tatt opp i blodet i fordøyelsessystemet.

Diskuter om det var ein helsemessig fordel med «gullpiller» og «sølvpiller» samanlikna med dagens piller/kapslar som er nemnd i teksten.

e) Det blei gjort ein analyse av ei slik sølvpille:

• Sølvpilla vog 0,486 g.

• Sølvpilla blei løyst i ca. 20 mL konsentrert salpetersyre. Denne løysninga blei overført til ein 100,0 mL målekolbe. Målekolben blei fylt opp med destillert vatn til merket.

• 25,00 mL av denne løysninga blei overført til ein ny 100,0 mL målekolbe. Det blei tilsett ca. 10 mL 5 mol/L NaOH, og til slutt blei kolben fylt opp med destillert vatn til merket.

• Denne løysninga er prøveløysninga.

• Prøveløysinga blei overført til ei byrette og titrert ned i 20,0 mL 0,0100 mol/L NaCl-løysning. Forbruket av prøveløysninga var 27,2 mL.

Berekn masseprosenten av sølv i sølvpilla.
Svar