Programmering - Eksamen vår 1980

Her kan du stille spørsmål vedrørende problemer og oppgaver i matematikk for videregående skole og oppover på høyskolenivå. Alle som føler trangen er velkommen til å svare.

Moderatorer: Aleks855, Gustav, Nebuchadnezzar, Janhaa, DennisChristensen, Emilga

Svar
Mattebruker
Weierstrass
Weierstrass
Innlegg: 457
Registrert: 26/02-2021 21:28

Programmering ( programkoding ) opplever i dag ein " ny vår " ettersom denne disiplinen har fått plass i matematikkfaget både i grunnskulen og vidaregåande opplæring.
For nokre tiår sidan var Databehandling eit eige fag på vgs med sentralgitt skriftleg eksamen.
Ei av oppgavene( OPPG. III) som blei gitt våren 1980 hadde denne ordlyden:

Ved ei spørjeundersøking om folks meining om lengre ferie og/eller kortare dagleg arbeidstid , vart dette spørjeskjemaet brukt:



A. Ønskjer du lengre ferie ? Ja Nei Sett ring rundt svaret ditt.


B. Ønskjer du kortare dagleg arbeidstid ? Ja Nei Sett ring rundt svaret ditt.

I det vidare arbeidet med undersøkinga ønskjer ein å bruke ein datamaskin , og innfører derfor desse svarkodane:

Spørsmål A: Kode 1 for Ja og kode 2 for Nei

Spørsmål B: Kode 3 for Ja og kode 4 for Nei

a) Lag eit programkart til eit program som utfører dette:

1. Les inn talet på personar N som vart spurde.
2. Les inn svarkodane for kvar person
3. Skriv ut ei feilmelding og gjentek innlesinga dersom dersom brukar tastar inn feil kode ( eks. 1 istadenfor 3 )
4. Tel opp og skriv ut talet på personar som har svart:
- Ja på spørsmål A og Ja på spørsmål B.
- Ja på spørsmål A og Nei på spørsmål B.
- Nei på spørsmål A og Ja på spørsmål B.
- Nei på spørsmål A og Nei på spørsmål B

b) Lag eit program etter programkartet i a) når programmet skal utvidast til å rekne ut kor mange prosent dei som svara Ja på spørsmål A utgjorde av talet på dei som
vart spurde N. Skriv ut resultatet med passande tekst.

Til orientering: Programkartet er å betrakte som ei "arbeidsteikning" og denne treng du ikkje ta med i svaret ditt. Innsendar er mest interessert i det ferdige "byggverket".

For å få tilgang til programmeringsverktøyet kan du besøke denne nettadressen: trinket.io/python3

Lukke til og god fornøyelse !
Svar