Side 1 av 1

kjemi 2

Lagt inn: 15/09-2020 09:17
av adli0000
Hei, kan nokon hjelpe meg med å løyse denne likningen? . Dette er kjemi 2

4,50 = 4,74 + log ( x/0,050 mol - x )

x = 0,0183 mol

Re: kjemi 2

Lagt inn: 15/09-2020 10:43
av Kjemigjest
Taste inn likninga i CAS og be " sekretæren " gjere jobben for deg.

Re: kjemi 2

Lagt inn: 15/09-2020 15:15
av adli0000
Kjemigjest skrev:Taste inn likninga i CAS og be " sekretæren " gjere jobben for deg.
Det funker ikkje...

Re: kjemi 2

Lagt inn: 15/09-2020 15:23
av Kjemigjest
Det funkar på min PC ( har installert CAS som er ein undermeny i GeoGebra )

Re: kjemi 2

Lagt inn: 15/09-2020 15:38
av adli0000
Kjemigjest skrev:Det funkar på min PC ( har installert CAS som er ein undermeny i GeoGebra )
Kan du ta skjermbildet av det du har gjort i CAS?

Re: kjemi 2

Lagt inn: 15/09-2020 15:41
av Kjemigjest
For at " sekretæren " skal kunne gjere jobben, er det avgjerande at han får korrekt instruksjon frå oppdragsgjevar.

Velg ei ledig linje i CAS-feltet og skriv inn denne likninga ( hugs å få med begge parantesane ! ) :

4.5 = 4.74 + log (x/(0.05 - x ) )

Re: kjemi 2

Lagt inn: 15/09-2020 16:32
av Mattebruker
OBS ! CAS tolkar den uspesifiserte log-kommandoen som ln - funksjonen ( logaritmefunksjonen med grunntal e[tex]\approx[/tex] 2.72 ) . Den aktuelle kjemi2-oppgåva dreiar seg om pH og da er det underforstått at log-funksjonen refererer til logaritmen med grunntal 10 ( briggske logaritmer ). Denne får vi aktivert ved å velje log10 i log-menyen.

Verkar denne infoen oppklarande ? Viss ikkje , må du gjerne melde tilbake .

Re: kjemi 2

Lagt inn: 15/09-2020 18:06
av Kjemigjest
Kontramelding: Det som står å lese i forrige innlegg er grunna i ei mistyding !

Kontroll: CAS-kommandoen log( 10 ) kjem ut med talet 1 , altså er den uspesifiserte log-kommandoen
identisk med log10. Dette til vitande !

P. S. Ln-funksjonen har sin eigen kommando( ln) i CAS .
Eksempel: ln( e ) = 1

Re: kjemi 2

Lagt inn: 15/09-2020 19:45
av Kjemikern
Kjemigjest/mattegjest,
Kan ikke du være så snill å lage en bruker og heller redigere innleggene dine istedenfor å poste flere?

Re: kjemi 2

Lagt inn: 16/09-2020 07:59
av adli0000
Mattegjest skrev:OBS ! CAS tolkar den uspesifiserte log-kommandoen som ln - funksjonen ( logaritmefunksjonen med grunntal e[tex]\approx[/tex] 2.72 ) . Den aktuelle kjemi2-oppgåva dreiar seg om pH og da er det underforstått at log-funksjonen refererer til logaritmen med grunntal 10 ( briggske logaritmer ). Denne får vi aktivert ved å velje log10 i log-menyen.

Verkar denne infoen oppklarande ? Viss ikkje , må du gjerne melde tilbake .
Eg får berre x til å vere = 0.02 og x skal vere = 0.0183

Re: kjemi 2

Lagt inn: 16/09-2020 08:58
av Kjemigjest
Trykk på knappen Innstillinger øvst i skjermbildet. Deretter: Velg Avrunding med 4 desimalar. Da vil eg tru
at du får fasitsvaret ( 0.0183 ).

Mvh

Kjemigjest

Re: kjemi 2

Lagt inn: 16/09-2020 14:55
av Janhaa
adli0000 skrev:Hei, kan nokon hjelpe meg med å løyse denne likningen? . Dette er kjemi 2

4,50 = 4,74 + log ( x/0,050 mol - x )

x = 0,0183 mol
eller Wolfram Alpha:


https://www.wolframalpha.com/input/?i=4 ... -+x+%29%29