Her kan du stille spørsmål vedrørende problemer og oppgaver i matematikk for videregående skole og oppover på høyskolenivå. Alle som føler trangen er velkommen til å svare.
Oppgåva spør etter fartsendringa( [tex]\overrightarrow{\bigtriangleup v}[/tex] ) - ikkje sentripetalakselerasjonen . Difor treng vi ikkje vite radien( r ) for å løyse dette problemet.
Forslag til løysing:
Teikn ei enkel skisse som viser farta ( [tex]\overrightarrow{v_{1}}[/tex] ) før han køyrer inn i kurva og dernest farta ( [tex]\overrightarrow{v_{2}}[/tex] ) når han har passert kurva.
( hugs at fartsvektoren peikar langs banetangenten ). Da er fartsendringa( [tex]\overrightarrow{\bigtriangleup v}[/tex] ) gitt ved vektorlikninga
Teiknar ei " grafisk " framstilling av vektorlikninga ( sjå forrige innlegg ). Da ser vi at vektorsettet { [tex]\overrightarrow{v_{1}}[/tex] , [tex]\overrightarrow{v_{2}}[/tex] , [tex]\overrightarrow{\bigtriangleup v}[/tex] } dannar ein likesida trekant. Altså er
fartsforandringa ( [tex]\bigtriangleup v[/tex] ) = [tex]v_{1}[/tex] = v[tex]_{2}[/tex] = 15 m/s ( absolutt verdi )
Kva med retninga ?
Det grafiske bildet av vektorlikninga ( sjå ovanfor ) viser at fartsforandringa [tex]\overrightarrow{\bigtriangleup v}[/tex] dannar 120[tex]^{0}[/tex] med [tex]\overrightarrow{v_{1}}[/tex] ; farta til bilen når han kjem inn i svingen. Det gjer at bilen skifter fartsretning 60[tex]^{0}[/tex] når den køyrer gjennom svingen.
Var dette ei grei forklaring ? I så fall kan du ta fatt på spm. b med godt humør. Lukke til !
Hei, takk for svar igjen. Oppgave b) sliter jeg også, hvordan blir regnestykket der? Hva blir fartsforandringen når bilen svinger med 90 graders vinkel?
"La verken mennesker eller hendelser ta livsmotet fra deg"
Teikn figur slik du gjorde under pkt. a . Da vil du sjå at vektorsettet { [tex]\overrightarrow{v_{1}}[/tex] , [tex]\overrightarrow{v_{2}}[/tex] , [tex]\overrightarrow{\bigtriangleup v}[/tex] } dannar ein likebeina og rettvinkla trekant. Her kan du bruke Pytagoras for å finne [tex]\bigtriangleup[/tex]v
( absoluttverdi ). Vidare ser vi at fartsforandringa ( [tex]\overrightarrow{\bigtriangleup v}[/tex] ) dannar ...***..... grader med startfarta [tex]\overrightarrow{v_{1}}[/tex].
( vinkelen ...***... går fram av figuren du har teikna - elementær trekantrekning ).