I hvilken blanding vil vi kunne få en redoksreaksjon?
a) Fe (s) og AlCl2 (aq)
b)FeSO4 (aq) og HNO3 (aq)
c) Cu(s) og HCl (aq)
Er trikset å se på tilstandsymbolene? er svaret a?
kjemi 2
Moderatorer: Aleks855, Gustav, Nebuchadnezzar, Janhaa, DennisChristensen, Emilga
-
- Weierstrass
- Innlegg: 495
- Registrert: 26/02-2021 21:28
Svaret er b. Salpetersyre ( HNO[tex]_{3}[/tex] ) er ei oksiderande syre der den protolyserte syra ( H[tex]^{+}[/tex] + NO[tex]_{3}[/tex][tex]^{-}[/tex] ) "løfter" ( oksiderer )
toverdig jern ( Fe[tex]^{2+}[/tex] ) til treverdig ( Fe[tex]^{3+}[/tex] ) .Oksidasjonsmiddelet( NO[tex]_{3}[/tex][tex]^{-}[/tex]) vert sjølv redusert til nitrogenmonoksid( NO ).
Vedk. alt. a: Aluminium dannar stabile ion med ladning 3+ ( Al-atomet oppnår ei stabil elektronfordeling (Neon - struktur ) ved å gi slepp på elektrona i M-skalet. )
Strukturformelen for aluminiumklorid blir dermed AlCl[tex]_{3}[/tex] ( ikkje AlCl[tex]_{2}[/tex] ).
Ei vassløysing av aluminiumklorid inneheld Al[tex]^{3+}[/tex]( aq ). Desse vil ikkje reagere med Fe( s ) ettersom Al[tex]^{3+}[/tex] har betydeleg lågare
reduksjonspotensial enn Fe[tex]^{2+}[/tex] ( aluminium held seg betre i ioneform enn jern ). Jamfør spenningsrekkja.
Vedk. alt. c: Metallisk kopar ( Cu( s ) ) løyser seg( oksiderer ) ikkje i saltsyre( HCl( aq ) ) der H[tex]^{+}[/tex]-ion frå den protolyserte syra er einaste oksidasjonsjonsmiddel.
Dette fordi kopar er eit ikkje-hydrogenutdrivande metall . Sagt på ein annan måte: H[tex]^{+}[/tex]-ionet er eit svakare oksidasjonsmiddel enn oks.forma til kopar
( jamfør sp.rekkja ).