Eg antar det er 10.klasse eksamen du skal opp i, sovidt eg hugsar var det då eg holdt på med dette.
Først:
Per definisjon er "Rotasjon" sett som "å flytte ein figuer ei viss mengd grader rundt eit punkt". Du får vete at du skal rotere i "planet", altså ikkje ein planet som Jorda

, men eit plan, ei slags tenkt flate.
Punktet i ditt tilfelle er origo, altso 0 på x-aksen på grafen og 0 på y-aksen på grafen. (0,0).
Av oppgåva går det fram at du skal teikne trekanten i første kvadrant, altså oppe til høgre på koordinatsystemet. Når du har teikna den kan du byrje å spegle den. ( Å rotere noko 180 grader er eigentleg det same som å spegle om eit punkt).
Fyrst trekk du ei linje frå punktet A (1,1), gjennom origo, og ned i tredje kvadrant. Merk deretter avstanden frå A til origo med passaren, og set av den same avstanden frå origo og ned i tredje kvadrant altså på den nye linja. Den nye koordinaten skal være (-1, -1). Gjenta for dei to andre punkta. Alle linene går m.a.o. gjennom origo. (Berre for å nemne det kan eg sei at koordinatane til den nye trekanten vert A1(-1,-1), B1(-2,-1), og C1(-1,-3))
Den neste oppgåva var litt tråkig. Du skal spegle om linja der x=1, altså 1 på x-aksen i koordinatsystemet ditt. Tenkt deg rutearket. Om du har sett 1 til ei rute på arket, so skal du då spegle om den tenkte lina som går loddrett ned ifrå der x=1 på x-aksen, altså ei rute til høgre for streken som markerar y-aksen. Då har du funne linja du skal spegle om.
For å spegle nedfell du berre normalar frå dei tre punkta A1,B1 og C1 til den linja, ogso målar du avstanden frå punkta A1,B1 og C1 til linja og set av tilsvarande lengder frå linja til dei nye punkta på den andre sida av linja, slik at du lagar då trekanten A2,B2,C2
Eg kan ikkje sei å ha haurt om nokre fire "standardtypar" i kongruensavbilding, og ikkje kan eg heilt tenkje meg kva det er heller.
Du får ein kongruensavbilding av ABC som er heilt lik A2B2C2.
Eg kan ikkje sei at dette var veldig pedagogisk forklart so visst du treng meir hjelp ikkje nøl.
(Kan nokon vennlegs fortelja meg kva dei "fire standardtypane" er for noko?)