
Eg treng hjelp til ei oppgåve der eg ikkje får svaret til å stemma med fasiten. Oppgåva går på tema "Likningar med parentesar" og eg har forsøkt å løyse oppgåva
nokre gongar i tilegg til å lese om temaet her, og i ei lærebok.
Oppgåveteksten lyder slik: Løys likninga
Oppgåva ser slik ut: [tex]2x-3(x-2)=\frac{7}{3}[/tex]
Fasit gir svaret: [tex]x=\frac{11}{3}[/tex]
Eg får svaret: [tex]-x=\frac{-11}{-3}[/tex]
Eg ser at det berre er eit forteikn ulikt fasitsvaret, men lurar likevel kva feil eg har gjort på vegen etter å repetert reglar for likningar og parentesar.
Utrekninga mi kjem fram i vedlegget. Eg set svært pris på tilbakemeldingar som oppklarar kva eg har gjort feil.
