Side 1 av 1

Bokstavrekning - Konjugatsetninga

InnleggSkrevet: 18/08-2019 21:59
Gjest
Hei

Eg held på med bokstavrekning og konjugatsetninga der eg er komen til ei siste oppgåve eg ikkje finn løysinga på.
Etter nokre forsøk og lesing om emnet ser eg faktorane som ein finn att i svaret, men ikkje korleis eg evt
får forkorta utrekninga til det endlege svaret.

Oppgåveteksten lyder slik: Rekn ut.

Oppgåva ser slik ut: [tex]\frac{2x^{2}-8}{6x^{2}-54}\cdot \frac{3x-9}{x+2}[/tex]

Fasit gir svaret: [tex]\frac{x-2}{x+3}[/tex]

Utrekninga mi ser førebels slik ut:

[tex]\frac{2x^{2}-8}{6x^{2}-54}\cdot \frac{3x-9}{x+2}=\frac{2\left ( x^{2}-4 \right )}{6\left ( x^{2}-9 \right )}\cdot \frac{3\left ( x-3 \right )}{x+2}=\frac{2\left ( x^{2}-2^{2} \right )}{6\left ( x^{2}-3^{2} \right )}\cdot\frac{3\left ( x-3 \right )}{x+2}=\frac{2\left ( x+2 \right )\left ( x-2 \right )}{6\left ( x+3 \right )\left ( x-3 \right )}\cdot \frac{3\left ( x-3 \right )}{x+2}=\frac{2\left ( x-2 \right )}{6\left ( x+3 \right )}\cdot \frac{3}{1}[/tex]

Er det nokon som kan hjelpa meg å sjå korleis eg kan rekna ut oppgåva?
Kan det i så tilfelle gjerast med utrekninga ovanfor? :?

Re: Bokstavrekning - Konjugatsetninga

InnleggSkrevet: 19/08-2019 04:11
Gjest
Du er nesten i mål. Gang sammen 2 med 3 i telleren også kan du stryke de mot 6 i nevneren. Da står du igjen med det fasiten oppgir som riktig svar.

Re: Bokstavrekning - Konjugatsetninga

InnleggSkrevet: 21/08-2019 19:08
Egiljang
Gjest skrev:Du er nesten i mål. Gang sammen 2 med 3 i telleren også kan du stryke de mot 6 i nevneren. Da står du igjen med det fasiten oppgir som riktig svar.


Hei :)

Takk for svaret. Eg skjøner ikkje heilt korleis du løyser oppgåva, då det kjem i konflikt med bruken av parantes
slik eg har lært det. Slik eg forstår det skal eg løysa opp parantes før ein ser på multiplikasjon, og då må eg jo
multiplisera 2 talet utanfor parantesen med det som står inne i parantesen før eg multipliserer med 3.

Med andre ord så får eg desse brøkane og ledda [tex]\frac{2x-4}{6x+18}\cdot \frac{3}{1}=\frac{2x-7}{6x+18}[/tex]

Dersom eg gangar 2 med 3 i tellaren utan å bruke 3-talet som står i teljaren, så gjer eg jo heller ikkje det same med teljar og nemnar slik eg har forstått det. Då vert forholdet mellom teljar og nemnar endra antar eg.

Kunne du vist rekneoperasjonen slik du gjer den? :oops: :?