Eg held på med bokstavrekning og konjugatsetninga der eg er komen til ei siste oppgåve eg ikkje finn løysinga på.
Etter nokre forsøk og lesing om emnet ser eg faktorane som ein finn att i svaret, men ikkje korleis eg evt
får forkorta utrekninga til det endlege svaret.
Oppgåveteksten lyder slik: Rekn ut.
Oppgåva ser slik ut: [tex]\frac{2x^{2}-8}{6x^{2}-54}\cdot \frac{3x-9}{x+2}[/tex]
Fasit gir svaret: [tex]\frac{x-2}{x+3}[/tex]
Utrekninga mi ser førebels slik ut:
[tex]\frac{2x^{2}-8}{6x^{2}-54}\cdot \frac{3x-9}{x+2}=\frac{2\left ( x^{2}-4 \right )}{6\left ( x^{2}-9 \right )}\cdot \frac{3\left ( x-3 \right )}{x+2}=\frac{2\left ( x^{2}-2^{2} \right )}{6\left ( x^{2}-3^{2} \right )}\cdot\frac{3\left ( x-3 \right )}{x+2}=\frac{2\left ( x+2 \right )\left ( x-2 \right )}{6\left ( x+3 \right )\left ( x-3 \right )}\cdot \frac{3\left ( x-3 \right )}{x+2}=\frac{2\left ( x-2 \right )}{6\left ( x+3 \right )}\cdot \frac{3}{1}[/tex]
Er det nokon som kan hjelpa meg å sjå korleis eg kan rekna ut oppgåva?
Kan det i så tilfelle gjerast med utrekninga ovanfor?
