No har eg funne det ut!!
Eg spurde ein mattelærar på skulen og fekk vete korleis ein reknar ut kvadratrota av eit tal uten å bruke kalkulator
Sei at vi skal finne rota av 998 001:
1. "Del" talet opp i to og to bakaifrå. 99 80 01.
(2.Operasjonen skal utførast på nesten

same måten som om ein DIVIDERAR.)
3. Ein finn det høgaste kvadrattalet under 99.
4. Som då er 81.
5. Rota av 81 er 9, derfor ”delar” vi på

9 og får 9 som 1. siffer i svaret 99 80 01 ”:” 9 = 9
6. 81 skriv vi under 99 slik vi gjer i divisjon.
7. Vi subtraherer 99 med 81 og får 18 under 81.
8. Vi flyttar ned 80 og får 18 80 som nytt tal under.

99 80 01 ”:” 9 = 9

18 80
9. No skal vi ”dele” 18 80 på eit nytt tal. (Ikkje det same som forrige gong)
10.Vi tar det dobbelte av det talet vi har fått som 1. siffer

i SVARET. Dette talet er 9 i dette tilfellet. Altså 9*2 = 18.
11. Vi set 18 som nytt ”deletal” ved sida av 18 80.
12. No kjem vi til det som er vanskeligast å forklare.
13. Bak 18 (som vi ”deler” på), skal vi sette

eit nytt tal slik at ”18” blir eit 3- siffra tal.
14. 18”X” .
15. ”X” skal også multipliserast med det 3- siffra talet.
16. Vi får 18 80 ”: ” 18X * X
17. Og dette talet skal bli LÅGARE en 1880.
18. Då tenker vi: 185 * 5 = ca. 900. Det er for lite.
19. Men 189 * 9 = 1701. (9 er det høgaste en-siffra så

då må det vere 9, sidan 1701 er lågare enn 1880)
20. Talet er altså 9, vi får 9 som 2. siffer i svaret.
21.Vi får:

99 80 01 ”:” 9 =_99_

81

18 80 ”:” 189

17 01
22. No skal vi igjen subtrahere og får 179 under 1701.
23. Så flyttar vi ned 01 og får 17901
24. Dette skal då delast på 99 * 2 + et tal ”X”.
25. Vi finn at 1989*9 Gjev oss det høgaste talet under 17901.

Det går faktisk akkurat opp.
26. Vi set 9 opp til dei andre 9-tala, og vi har ikkje fleire tal å legge ned.
27. Svaret er 999. Rota av 998001 = 999.
28. Vi får til slutt:

99 80 01 : 9 = _999_

81

18 80 : 189*9

17 01

1 79 01 : 1989*9

1 79 01

0 00 00
Håpar dette var forståeleg. Eg har gjort så godt eg kunne å til å forklare.
Berre spør viss de ikkje forstår
